tysdag 1. september 2009

Raudt er den perfekte syndebukk

Som vi veit havna Sosialistisk Folkeparti på vippen mellom Ap og dei borgerlege etter stortingsvalet 1961, noko representantane Finn Gustavsen og Asbjørn Holm nytta til å kaste Gerhardsen-regjeringa i kjølvatnet av Kings Bay-saka. Ulukka i gruva til det statlege gruveselskapet Kings Bay Kull Compani krevde 21 arbeidarliv. Saka eksploderte av di Gerhardsen-regjeringa visste om kritikkverdige tilhøve i gruvene og hadde valt å helde fram med drifta, trass i ulukker som jamt og trutt hadde drept totalt 43 menneske sidan 1948.

Kvifor keiar eg dykk med dette? Jo, fordi Aps reaksjon syner kva det betyr å vere venstresideparti på vippen her til lands. Eg viser til Anders Johansen og Jens E. Kjeldsen sitt utmerka referat frå tilhøva rundt tala Finn Gustavsen ga til Stortinget 20. august 1963, frå boka "Virksomme ord":

"Klokken er 24.00 når presidenten hever møtet. I stortingsrestauranten ser arbeiderpartifolk hatefullt på Gustavsen. Enkelte av de gamle partifeller slenger vondord. En representant gråter, og beskylder han for å ha forrådt de fagorganiserte. På Løvebakken utenfor er det svart av folk. "Forræder," roper noen, og en sverm av mennesker følger etter Gustavsen, når han og svære Per Aavatsmark søker tilflukt i en bil. Folk trommer på panseret. En rusten kvinnerøst roper: "La oss ta'n! Kast bilen utfor brygga!". Men bilen slipper vekk".

Slik kan det fint bli, trur eg, om gjennomsnittet DN i går publiserte over fem målingar frå 21. til 27. august slår til, og Raudt altså kjem på vippen med to representantar. Alle eg har prata med i Sp, SV og ikkje minst Ap vil aldri godta å skipe regjering under slike høve, når dei må be Torstein Dahle og Erling Folkvord om lov til å vedta budsjett, til dømes. Da raknar det raudgrøne samarbeidet, og vi får borgerleg styre (som nok kjem til å sitje lengre enn Lyng-regjeringa sine 31 dagar). Alle som vil kan då tromme på panseret veljarane bak Folkvord og Dahle og skrike "forræder!".

Gustavsen var kjent som ein durabeleg talar, og tala 20. august 1963 var ikkje noko unntak. Med hans eigne ord: "Det er ikke Sosialistisk Folkeparti som har skapt Kings Bay-saken og fare for et regjeringsskifte. Vi har intet medansvar verken for at gruvedriften kom i gang igjen i 1956 etter tre store ulykker, eller for at de betingelser Stortinget satte for driften, ikke ble oppfylt. Vi har heller intet medansvar for at gruvedriften må innstilles etter en ny ulykke, etter at staten har tapt 70 mill. kroner. Heller ikke har vi noe ansvar for at Regjeringen ikke har behandlet saken forsvarlig overfor Stortinget. Hvorfor må jeg understreke dette? Jo, fordi jeg tror at mange vanlige avislesere i dette land må ha fått det bestemte inntrykk at i denne saken er det egentlig Sosialistisk Folkeparti som er den store synder (mi utheving)".

Så om Raudt kjem på vippen, vil det altså vere dei som øydela for dei raudgrøne, og altså ikkje pensjonskutta, skatteløftet, Afghanistan-okkupasjonen, seismikkskytinga, Kårstø-utslippa, at likelønskommisjonen si innstilling vart lagt ned i ein skuff, fråvær av industrikraftregime (stålhard garanti ved valet 2005) osb. osb.

fredag 21. august 2009

Trommelbrems vs. felgbrems - trommel TEH WIN

Vil berre meddele at eg har funne enno eit argument for å heller ha sykkel frå før 1987 enn å pøse ut pengar på ræl produsenten ikkje ein gong gidd å rustbeskytte: Bremsene.

Unge folk i byen har som fellesnemnar at dei ikkje kan ta vare på tinga sine. Og når slitedelar må bytast ut, veit dei ikkje korleis dei skal gjere det. Difor treng dei produkt som sjeldsynt går i knas og som lett kan reparerast. På dette feltet er det lite utvikling å spore frå fylte null år til 30 år.

No har eg nett skifta ut bremseklossane på Merida-sykkelen til kjærasten min. Det er ein habil terrengsykkel i lettmetall med heilt standard V-bremser kor klossane grip fatt i felgen. Eg fann ut at dette er ein jobb for urmakarar - klossene går ikkje "rett på" men må vinklast inn riktig i tre dimensjonar. Vert klossen skeiv sett ovanfrå, grip han berre felgen på eine enden = tap av bremseeffekt. Vert han skeiv i høve til bremseklossen på andre sida (sett langs hjulet), vil den eine klossen slite seg mykje meir enn den andre + tap av bremseeffekt.

Frå verkstaden var mykje feil: Klossen som sat på framhjulet var spist ned til stålet og hadde laga ei djup ripe i den splitter nye felgen. Sykkelverkstaden fann det ikkje lurt å byte klossen då dei bytte felgen. Klossane både framme og bak hadde slitt seg ned på kort tid av di dei sat på heilt skeivt - på venstre side såg klossane ubrukte ut.

Dagen etter skifta eg bremseskoa på min eigen DBS Deluxe frå 1969 - for ein draum! Inni trommelen var det relativt reint og fint (alle deler ligg beskytta inni eit hus), delane gjekk lett på og trengte ikkje justering. Hjå sykkelguru Einar Bowitz i Sofies Gate fekk eg kjøpt nye bremsesko til under prisen av billigdelene til Meridaen (einaste aber: eg måtte trikse litt med vaieren, men han var for kort frå før). Konklusjon: Stikk innom Einar ein torsdag, unn deg ein solid veteransykkel og frigjer deg frå alskens inkompetente og overprisa verkstader!

Ps. Eiriks gate sykkelverkstad på Grønland er faktisk æveleg gode på gamle syklar, og Jan Pedal på Majorstua kan dette med dei nye. Begge er gode på pris og har tidlegare jobba for sjefen sjølv, Einar Bowitz - mannen med slagordet "sykler er som politikere - de må smøres!".

Utdyping om kva eg meiner om feminismedebatten

Eg har tenkt litt meir på Frukost med Bernt-arrangementet eg var på i går, og har klekt ut ein meir skjematisk og pompøs framsyning av kva som gjekk gale (kor er Powerpoint når du treng det?).

Debatt om politiske emne, som til dømes feminisme, kan ta to former:

1. Intern debatt. Som alle veit skal parti og organisasjonar vere ei base for usemje (bokmålsk: uenighet) innafor etablerte rammer. Ein intern debatt er driven av rørsla sjølv, dreier seg om val av kampsaker og strategi, og treng ikkje å verte utfordra av nokon som står på heilt andre ideologiske føter. Debatten er konstruktiv i den grad han dreier seg om rørsla sine veival.

2. Ekstern debatt. Her kan ein òg debattere veival for ei rørsle, men ordskiftet kjem utanfrå, i konfrontasjon med opponentar og ekspertar. Debatten kan vere rørslene si freistnad på å setje dagsorden, eller ekspertane kan kommentere rørsla som fenomen / sakene til rørsla. Debatten er konstruktiv i den grad han gjev publikum større forståing av det politiske liv.

Problemet med Frukost med Bernt i går var at debatten fall mellom to stolar: Dei tre i panelet (Cathrine Holst, Martine Aurdal og Jørgen Lorentzen) var så samde i synet på feminisme at innlegga deira vart høgst interne. Jamvel vart det heile regissert som ein ekstern debatt om feministar, ikke med feministar (filosof Hans Skjervheim skilte mellom dei to alt i 1957, les essayet Deltakar og tilskodar i exphilboka).

Skulle debatten ha kasta lys over kva feminismen er, sett utanfrå, måtte ordstyrar Bernt Hagtvedt og kompani ha invitert folk som Ulf Erik Knudsen og Karin Woldseth frå Frp si gruppe i Familiekomiteen på Stortinget, som i kommentaren til statsbudsjettet for 2009 sa at "Disse medlemmer er av den oppfatning at det er en for sterk vektlegging på tiltak for å fremme likestilling. Slike tiltak er unødvendige og vil i en del tilfeller hindre reell likestilling".

Eg er ein kjempetabloid person, så eg ville digga ein slik showdown. Eg hadde heia, eg hadde bua, og hadde eg vore ny på Blindern hadde eg sikkert fått meirsmak på Frokost med Bernt.

Og som feminist ville eg hatt kanskje enno større utbytte av ein intern debatt mellom feministar. Kva gjer VI feil? Kva gjer VI rett? Kva kan VI lære av andre land? Med andre ord ein debatt med oss feministar i rolla som handlande subjekt, ikkje objekt.

Arrangørane Bernt Hagtvet og stipendiat Anders Ravik Jupskås er dyktige folk, med nase for gode saker. Dei har etter mitt syn berre falt i fella dei fleste debattredaktørar (med Knut Olav Åmås i Aftenposten i tet - sjekk denne geniale parodiendenne Åmås-kronikken) fell i, når dei presenterer utspel som analyse og analyse som utspel, og ikkje gjer det klart når debattantane snakkar om seg sjølv og når dei snakkar om nokon andre.

torsdag 20. august 2009

Sett tre oppdaterte menneske i eit auditorium, og dei vil prate visvas

For å lansere statsvitenskapsstudentane si bok Demokratiet. Før og nå (artikkelsamling frå Demokrativeka dei arrangerte i fjor), nytta professor statsvitskap Bernt Hagtvedt siste "Frokost med Bernt" til feminismen.

Tittelen var "Bak slagordene: Noen utfordringer for dagens feminisme!" Sosiolog Cathrine Holst hadde ein presentasjon med bakgrunn i sitt bidrag til boka, og vart kommentert av litteraturvitar og mannsforskar (!) Jørgen Lorentzen og Martine Aurdal, leiar av Dagbladet si samfunnsavdeling. Eg gledde meg. Ville Aurdal ta opp den "brune feminismen" som hennar kollega Marthe Michelet har skrive så mykje om? Feminismen som seier: "Slutt å mas om likelønn, dykk har svikta dei omskårne, somaliske jentene"? Ville Holst kommentere feministane sitt kommunikasjonsproblem, i og med at så få vil slå seg på brystet og kalle seg feministar, samstundes som norske kvinner berre tener 61 prosent av mennene?

Nei. Holst sitt føredrag vart ei oppramsing av definisjonar, stivt lese opp på verste akademikarbokmål (eg likar dårleg bokmål like lite som eg likar dårleg nynorsk - sjekk ut denne fine utgreiinga av sosiolog Helga Eggebø: http://www.sfk.uio.no/Arkiv/eggebo.html). "Utfordringene" ho lista opp for feministar inkluderte ikkje at høgresida freistar kuppe heile omgrepet (jamfør Siv Jensen sitt framlegg om likelønnspott). Holst hadde eit godt poeng mot alt biologisnakket som redaktørar landet rundt ser ut til å ha forelska seg i: Kvinnekampen har heile tida handla om biologi - til dømes retten til fødselspermisjon - og debatten bør stå om i kor stor grad kvinner skal ha dei same rettane som menn, mellom anna i kor stor grad ein skal kompensere for dei biologiske skilnadane.

Martine Aurdal sitt innlegg vil eg ikkje kommentere, men vil berre seie at det var nøyaktig like informativt, tilgjengeleg og utfordrande som baksidekommentarane hennar. Det einaste spenningsmomentet knytta seg til om mi gode venninne og frilansjournalist Anne Viken (som sat i salen) skulle sprette opp og ta opp att debatten ho og Aurdal har hatt i Dagbladet og Aftenposten (sjå Aurdal sin kommentar og innlegg av kunstkritikar André Gali). Heller ikkje det skjedde - Viken forsvann ut ganske raskt, trur eg.

Heile arrangementet fekk meg til å forstå at om du set tre kvar for seg oppegåande menneske i eit akademisk forum, vil dei etter beste evne plassere seg heilt på sida av den dagsaktuelle debatten. For å setje kvinnekampen på dagsorden, trengs heller ei sjølvmedviten rørsle. Problemet i dag er at debatten heile tida endar opp med "dei politisk ukorrekte" på høgresida mot "dei korrekte" i statsadministrasjonen - mannleg skribent vs. ein eller annan funksjonær i Barne- og likestillingsdepartementet. Kor vert det av dei politisk ukorrekte på venstresida? Det får eg ta opp i eit anna innlegg.

Fred ut.

onsdag 19. august 2009

Yma Sumac er dronninga av uortodoks opera

Det er knapt eit år sidan den peruvianske stjerneartisten Yma Sumac gjekk bort, og høyrer du på dei beste platene hennar frå 50-talet skjønar du kor stort tap det var.

Les meir og høyr eit utval mp3-ar på http://musicformaniacs.blogspot.com/2008/11/yma-sumac-queen-of-exotica-1922-2008.html. Sjekk særleg ut "Dale que dale"! Dette er musikk for folk som tykkjer musikk framføre alt skal vere morosam, sånn som eg.

Les "Til siste dråpe", folkens

Eg tilrår alle å lese "Til siste dråpe" av Helge Ryggvik, kor han nøstar opp det store biletet av norsk oljehistorie og tek opp sidene ved han vi burde diskutert, ved sida av miljøperspektivet. Bør det vere StatoilHydro sitt mål å slenge seg på prosjekt i Irak og Iran? Bør olja pumpast opp så raskt som råd, og bør verdiane verte plasserte på børs?

Helge Ryggvik er oljeforskar ved Senter for teknologi, innovasjon og kultur ved Universitetet i Oslo. I fagmiljøet er han kjent som ein av dei mest kompetente, og han har mellom anna vore konsulent for NRK si dokumentar "Olje!" (som Ryggvik i boka meiner fall i den rosenraude "oljeeventyr"-fella).

Her er boka på Aschehoug sine nettsider: http://www.aschehoug.no/fakta/historie/katalog?productId=18212464

Her finn du intervjuet med Ryggvik eg skreiv i Klassekampen: http://klassekampen.no/artikler/nyheter/56425/article/item/null

Her er Ryggvik si slakt av "Norges evige rikdom. Oljen, gassen og petrokronene", nok eit apologetisk verk av Statoils gamle leiar Arve Johnsen: http://www.prosa.no/artikkel.asp?ID=389

Velkomen!

Først las eg teikneseriane i avisane. Så las eg avisane. Så las eg nettavisane og bloggane, og no har eg faen meg laga min eigen blogg. Velkomen!

Mi spesialdistanse i Klassekampen var å lese dei dokumenta få andre las eller forsto. Etter å ha lese ein del slike dokument såg eg at offentleg debatt i Noreg er eit fint hus bygd på ein fiktiv grunnmur. Kor mange gonger har eg ringt fagfolk som nekta uttale seg, sidan "dei som siterte meg sist ikkje skjønte eit kvekk av saka"? Kor mange gonger har det reelle nyhendestoffet fått notisplass, medan forbrukartipsa og eingongslighterulukkene får pryde framsida?

Heilt sidan eg var liten, har hjernen min vore pervers. Hugsar du teksthefta Eksamensekretariatet laga til dei store norskprøvene på vidaregåande? Kor vi utan vidare skulle greie ut om korleis "vi lev i informasjonssamfunnet" og "vert meir og meir materialistiske"? Eg var han jævelen som kvar gong skreiv lang stil om kvifor det ikkje var slik, og fekk trekk for å ha svara "utanfor oppgåva". På Brox stasjon vil eg helde fram med det, neste gong Finansdepartementet eller informasjonsbyrå deler ut sine teksthefte.

Alle seier at ein politisk blogg som skal verte lest må ha eit knallhardt fokus på politikk. Eg seier: La redaktørane ta seg av sorteringa! Eg er så glad i å fortelje folk kva som er kva, at eg like godt kan gjere det innafor kultur og bilhald òg. Og med det opnar eg Brox stasjon.