torsdag 20. august 2009

Sett tre oppdaterte menneske i eit auditorium, og dei vil prate visvas

For å lansere statsvitenskapsstudentane si bok Demokratiet. Før og nå (artikkelsamling frå Demokrativeka dei arrangerte i fjor), nytta professor statsvitskap Bernt Hagtvedt siste "Frokost med Bernt" til feminismen.

Tittelen var "Bak slagordene: Noen utfordringer for dagens feminisme!" Sosiolog Cathrine Holst hadde ein presentasjon med bakgrunn i sitt bidrag til boka, og vart kommentert av litteraturvitar og mannsforskar (!) Jørgen Lorentzen og Martine Aurdal, leiar av Dagbladet si samfunnsavdeling. Eg gledde meg. Ville Aurdal ta opp den "brune feminismen" som hennar kollega Marthe Michelet har skrive så mykje om? Feminismen som seier: "Slutt å mas om likelønn, dykk har svikta dei omskårne, somaliske jentene"? Ville Holst kommentere feministane sitt kommunikasjonsproblem, i og med at så få vil slå seg på brystet og kalle seg feministar, samstundes som norske kvinner berre tener 61 prosent av mennene?

Nei. Holst sitt føredrag vart ei oppramsing av definisjonar, stivt lese opp på verste akademikarbokmål (eg likar dårleg bokmål like lite som eg likar dårleg nynorsk - sjekk ut denne fine utgreiinga av sosiolog Helga Eggebø: http://www.sfk.uio.no/Arkiv/eggebo.html). "Utfordringene" ho lista opp for feministar inkluderte ikkje at høgresida freistar kuppe heile omgrepet (jamfør Siv Jensen sitt framlegg om likelønnspott). Holst hadde eit godt poeng mot alt biologisnakket som redaktørar landet rundt ser ut til å ha forelska seg i: Kvinnekampen har heile tida handla om biologi - til dømes retten til fødselspermisjon - og debatten bør stå om i kor stor grad kvinner skal ha dei same rettane som menn, mellom anna i kor stor grad ein skal kompensere for dei biologiske skilnadane.

Martine Aurdal sitt innlegg vil eg ikkje kommentere, men vil berre seie at det var nøyaktig like informativt, tilgjengeleg og utfordrande som baksidekommentarane hennar. Det einaste spenningsmomentet knytta seg til om mi gode venninne og frilansjournalist Anne Viken (som sat i salen) skulle sprette opp og ta opp att debatten ho og Aurdal har hatt i Dagbladet og Aftenposten (sjå Aurdal sin kommentar og innlegg av kunstkritikar André Gali). Heller ikkje det skjedde - Viken forsvann ut ganske raskt, trur eg.

Heile arrangementet fekk meg til å forstå at om du set tre kvar for seg oppegåande menneske i eit akademisk forum, vil dei etter beste evne plassere seg heilt på sida av den dagsaktuelle debatten. For å setje kvinnekampen på dagsorden, trengs heller ei sjølvmedviten rørsle. Problemet i dag er at debatten heile tida endar opp med "dei politisk ukorrekte" på høgresida mot "dei korrekte" i statsadministrasjonen - mannleg skribent vs. ein eller annan funksjonær i Barne- og likestillingsdepartementet. Kor vert det av dei politisk ukorrekte på venstresida? Det får eg ta opp i eit anna innlegg.

Fred ut.

1 kommentar:

Unknown sa...

Takk for bloggposten, på vegne av oss som ikkje kom oss avstad.

Elles var det skikkeleg kos å lese DEMO-artikkelen frå 2006 :-)

:h