onsdag 19. august 2009

Velkomen!

Først las eg teikneseriane i avisane. Så las eg avisane. Så las eg nettavisane og bloggane, og no har eg faen meg laga min eigen blogg. Velkomen!

Mi spesialdistanse i Klassekampen var å lese dei dokumenta få andre las eller forsto. Etter å ha lese ein del slike dokument såg eg at offentleg debatt i Noreg er eit fint hus bygd på ein fiktiv grunnmur. Kor mange gonger har eg ringt fagfolk som nekta uttale seg, sidan "dei som siterte meg sist ikkje skjønte eit kvekk av saka"? Kor mange gonger har det reelle nyhendestoffet fått notisplass, medan forbrukartipsa og eingongslighterulukkene får pryde framsida?

Heilt sidan eg var liten, har hjernen min vore pervers. Hugsar du teksthefta Eksamensekretariatet laga til dei store norskprøvene på vidaregåande? Kor vi utan vidare skulle greie ut om korleis "vi lev i informasjonssamfunnet" og "vert meir og meir materialistiske"? Eg var han jævelen som kvar gong skreiv lang stil om kvifor det ikkje var slik, og fekk trekk for å ha svara "utanfor oppgåva". På Brox stasjon vil eg helde fram med det, neste gong Finansdepartementet eller informasjonsbyrå deler ut sine teksthefte.

Alle seier at ein politisk blogg som skal verte lest må ha eit knallhardt fokus på politikk. Eg seier: La redaktørane ta seg av sorteringa! Eg er så glad i å fortelje folk kva som er kva, at eg like godt kan gjere det innafor kultur og bilhald òg. Og med det opnar eg Brox stasjon.

Ingen kommentarer: