fredag 21. august 2009

Utdyping om kva eg meiner om feminismedebatten

Eg har tenkt litt meir på Frukost med Bernt-arrangementet eg var på i går, og har klekt ut ein meir skjematisk og pompøs framsyning av kva som gjekk gale (kor er Powerpoint når du treng det?).

Debatt om politiske emne, som til dømes feminisme, kan ta to former:

1. Intern debatt. Som alle veit skal parti og organisasjonar vere ei base for usemje (bokmålsk: uenighet) innafor etablerte rammer. Ein intern debatt er driven av rørsla sjølv, dreier seg om val av kampsaker og strategi, og treng ikkje å verte utfordra av nokon som står på heilt andre ideologiske føter. Debatten er konstruktiv i den grad han dreier seg om rørsla sine veival.

2. Ekstern debatt. Her kan ein òg debattere veival for ei rørsle, men ordskiftet kjem utanfrå, i konfrontasjon med opponentar og ekspertar. Debatten kan vere rørslene si freistnad på å setje dagsorden, eller ekspertane kan kommentere rørsla som fenomen / sakene til rørsla. Debatten er konstruktiv i den grad han gjev publikum større forståing av det politiske liv.

Problemet med Frukost med Bernt i går var at debatten fall mellom to stolar: Dei tre i panelet (Cathrine Holst, Martine Aurdal og Jørgen Lorentzen) var så samde i synet på feminisme at innlegga deira vart høgst interne. Jamvel vart det heile regissert som ein ekstern debatt om feministar, ikke med feministar (filosof Hans Skjervheim skilte mellom dei to alt i 1957, les essayet Deltakar og tilskodar i exphilboka).

Skulle debatten ha kasta lys over kva feminismen er, sett utanfrå, måtte ordstyrar Bernt Hagtvedt og kompani ha invitert folk som Ulf Erik Knudsen og Karin Woldseth frå Frp si gruppe i Familiekomiteen på Stortinget, som i kommentaren til statsbudsjettet for 2009 sa at "Disse medlemmer er av den oppfatning at det er en for sterk vektlegging på tiltak for å fremme likestilling. Slike tiltak er unødvendige og vil i en del tilfeller hindre reell likestilling".

Eg er ein kjempetabloid person, så eg ville digga ein slik showdown. Eg hadde heia, eg hadde bua, og hadde eg vore ny på Blindern hadde eg sikkert fått meirsmak på Frokost med Bernt.

Og som feminist ville eg hatt kanskje enno større utbytte av ein intern debatt mellom feministar. Kva gjer VI feil? Kva gjer VI rett? Kva kan VI lære av andre land? Med andre ord ein debatt med oss feministar i rolla som handlande subjekt, ikkje objekt.

Arrangørane Bernt Hagtvet og stipendiat Anders Ravik Jupskås er dyktige folk, med nase for gode saker. Dei har etter mitt syn berre falt i fella dei fleste debattredaktørar (med Knut Olav Åmås i Aftenposten i tet - sjekk denne geniale parodiendenne Åmås-kronikken) fell i, når dei presenterer utspel som analyse og analyse som utspel, og ikkje gjer det klart når debattantane snakkar om seg sjølv og når dei snakkar om nokon andre.

Ingen kommentarer: